Referat:
1. Opning, godkjenning og innkalling
Innkalling 6 veker før møtet, god tid.
Alle var samde i at innkallinga var i orden.
2. Val av møteleiar og referent
- Øyvind Rauset vart vald som møteleiar.
- Hans Kristen Hyrve vart vald som referent.
3. Årsberetning 2007
- Øyvind gjekk gjennom årsmeldinga høgt.
- Ingen innvendingar mot årsmeldinga.
4. Regnskap og budsjett
- Øyvind gjekk gjennom regnskapet for 2007.
- Regnskapet godkjend.
5. Innkomande forslag
- Skal styremedlemmar få gratis medlemsskap?
VEDTAK: Styremedlemmar får eit avslag i kontingenten på 100 kroner.
6. Ansvarsfridom for avgåande styre
- "Gerhardsen-prinsipp"- Ingen protestar mot dette prinsippet.
7. Val av styre og regnskapsførar
- Det kom forslag om at det gamle styret stilte til gjenval. Laila Sognnæs Østhagen og Hans Kristen Hyrve vart også føreslege som styremedlemmar.
VEDTAK: Det nye styret er: Amund Bjønnes, Øyvind Rauset, Solveig Nyberg, Bjørn Vinje, Laila Sognnæs Østhagen og Hans Kristen Hyrve.
- Øyvind vart vald til regnskapsførar.
VEDTAK: Øyvind får 3000 kroner for regnskapsføringa for 2007.
VEDTAK: Styremedlemmar får 1500 kroner i vederlag for telefoni, reiseutgifter og liknande (så framt det aktuelle medlemmet faktisk har gjort noko).
VEDTAK: Regnskapsførar får 3000 kroner i løn.
Årsmøtet vart avslutta, i alt var 12 medlemmar tilstades.
I samtalane etter årsmøtet kom det fram ein del idear rundt Nye Skalder:
1. Å lage ei MySpace-side til klubben med link til http://nyeskalder.no. Med denne MySpace-profilen bør ein prøve å skaffe masse venar til Nye Skalder.
2. Flytja lokale frå Mogador til ein annan stad, her er forslag som kom for dagen:
- Venner (i Smalgangen)
- Skuret
- Bugges eftf. (Markvn.)
- Two Dogs (Brugata)
- Diverse andre plassar frå Brugata og bortover Grønlandsleiret (fordi det er så mange plassar der)
- Soria Moria
- Tamara
- "Renna" (Rendezvous)
Referat: Hans Kristen Hyrve